Link to dnk
VELKOMMEN!   til nettsida til   DEN NORSKE KYRKJE
    i Odda
hjem
Odda Sokn   
 
KYRKJEFOREININGA I ODDA
Andre onsdagen i månaden kl. 11.00 - 13.00 er det møte i peisastova på Soknehuset.
Møta held fram andre onsdagen i månaden.
På desse møta kjem ein saman til andakt, god mat og hyggeleg prat.
På kvart møte samlar ein inn pengar som går til noko ein treng i kyrkja.

Vel møtt til ei fin stund saman!



MIDDAGSBØN  
Tysdag kl 12.00 er det middagsbøn i kyrkja når det ikkje er føremiddagstreff.
Organistane spelar og prestane kommenterar komande søndag sin tekst,
eller eit anna aktuelt tema. Ein syng og har ei bønestund i lag.



VAFFELKOS
Ein tysdag i månaden er det Vaffelkos på Soknehuset kl. 12.30 -14.00.
Me held fram i vår med Vaffelkos:
10. jan., 7. febr., 6. mars, 27. mars, 24. apr., 15. mai og 12. juni.
Dette er ei uformell samling der alle som ynskjer kan koma innom
til ein prat og ete vafler i lag. Ein treng ikkje ha vore på middagsbøna fyrst.
Arrangementet er som ein kafè, men ein kan betale det ein ynskjer.



FØREMIDDDAGSTREFF
Den tredje tysdagen (ca.) i månaden er det føremiddagstreff på Soknehuset kl.12.00 -14.00.
Desse datoane er det treff: 24. jan, 21. febr, 20. mars, 17. april og tur 22. mai.
Treffet er ope for alle som har anledning til å kome denne føremiddagen.
Odda Bygdekvinnelag steller i stand nydeleg mat og har ansvaret for å selje lodd.
Det er variert program. Pengane som kjem inn ved loddtrekkinga vert delt
mellom Bygdekvinnelaget og Føremiddagstreffet.
Ein gong i året vert det tur for alle som går på føremiddagstreffet.
Årets tur er ennå ikkje planlagt så det vert spanande å sjå kor me reise hen.

Odda Sokn

Webside Problem?