| |

OVERNATTING I ODDA KYRKJE
26. - 27.november 2011
For fjerde år på rad vart det arrangert LysVaken
i Odda. Invitasjon var sendt ut til alle 11 åringane i
Skare, Tyssedal og Odda som står som medlem eller tilhøyrande i Den norske kyrkja.
Tre glade og forventingsfulle born meldte seg på. Kanskje vel få,
men for oss som arrangerte helga hadde me tru på at dette vart flott for dei som kom.
To supre ungdommar, Agnete Bjelland og Trine Mette Lande Berge
var med som ungdomsleiarar.
Vaksenleiarar var sokneprest Lars Bernhardt Ølberg og diakon Annlaug H. Engmark.
Borna vart møtt av oss leiarar i kyrkja. Fyrst var det nydelege bollar og saft, før borna fekk innføring i programmet
Lars Bernhard leia gudstenesteverkstaden. Borna og dei unge fekk ulike oppgåver. Alle tre spelte eit instrument og dei øvde mykje i lag.
Målet var å spela ein song saman under gudstenesta. Når økta var slutt skulle borna gjette kor laurdagsgodtet var. Dei fann det fort ut og ilte opp
i tårnet som var løysinga. Litt skummelt å kome opp der synas dei, men spanande og.
Om kvelden laga me pitapizza saman og hadde festmåltid på Soknehuset. Medan pitapizzaene vart steikt hadde borna leik.
 Ingvald Austrått Kristensen lagar Kristuskransen |
 Marie Haugland lagar pitapizza
Neste økt på programmet var å laga Kristuskransen. Det gjorde me bak i kyrkja. Kvar perle i Kristuskransen har si tyding og ved å kjenne
på perla kan me be for det perla minne oss om. |
Lars Bernhard kom att utpå kvelden og me øvde inn litt meir til gudstenesta, før han gjekk heim til si seng. Det vart seint før me endeleg krøyp ned i soveposane.
Nils Svåsand kom og sat nattevakt medan me sov. Det kjentes trygt. Det var spanande å leggje seg til å sove i kyrkja.
Sundag morgon kom litt brått på og me brukte ei tid på å vakne. Etter ein god frukost på Soknehuset var me klar for å gjennomføre gudstenesta.
Det kom mykje folk og to born vart båre til dåpen.
Denne sundagen skulle mykje markeras. Ny dåpslitturgi vart teken i bruk. Me har fått heilt nye tekstrekker til sundagens tekst og alt er omsett på nytt i Bibelen.
Det var første sundag i adventstida og eitt ljos vart tent i adventskransen. Det har vore val på medlemmar til nytt sokneråd og dei vart og presentert i gudstenesta.

Evangelieteksten vert lese. Lars Bernhard, Agnete Bjelland, Marie Haugland og Trine Mette Lande Berge
I våpenhuset var det stelt i stand kyrkjekaffi, Karin Melkeraaen Eike, vår nye leiar i soknerådet i Odda hadde laga kaffien og foreldra til
"LysVaken borna" stilte med bollar. Ei fin avslutning på LysVaken arrangementet og ei fin gudsteneste. |
 |
|
|
|
|