VEDTEKTER FOR GRAVPLASSANE/KYRKJEGARDANE
I ODDA KOMMUNE
Jfr Lov av 7 juni 1996 nr 32 om kyrkjegardar, kremasjon og gravferd (gravferdslova) § 21
Vedteke av Odda Kyrkjelege Fellesråd 11 mai 1998.
Godkjend av Bjørgvin Bispedømmeråd 5 mai 1998.
Revidert av Odda kyrkjelege Fellesråd 9 september 2003. §3 3. lekk.
Revidert av Odda kyrkjelege Fellesråd 22. Juni 2004 § 5og 6
Revisjonen godkjent av Bjørgvin Bispedømmeråd 23. mai 2005
ADMINISTRASJON OG DRIFT
§ 1. Kyrkjeverja er ansvarleg for den daglege drift av gravplassane/kyrkjegardane.
FRIGRAV OG FESTEGRAV
§ 2.
- Alle som bur i kommunen har rett til fri grav.
- Dei som bur utanfor Odda Kommune kan gravleggjast etter særskild løyve frå Fellesrådet,
og mot å betale festeavgift og gravleggjingsavgift som fastsett, jfr gravferdslovas § 6.
- Fredingstida er 20 år (30 år pa Røldal kyrkjegard).
§ 3.
- Søknad om feste av grav må fremjast seinast 6 - seks månader før fredingstida utgår.
For feste av grav betalast den avgift som til ei kvar tid er fastsett av Odda Kommunestyre.
Festeperiodane er maksimalt 20 år.
- Når kistegravene takast i bruk kan nabograva festast. Desse gravene utgjer då ein gravstad.
Festetida for slik gravstad er 20 år får den takast i bruk fyrste gongen. Grunngjeve søknad om å la
fleire graver inngå i gravstaden avgjerast av Odda kyrkjelege Fellesråd sjølv. Utanom festaren sjølv,
må det føreliggja skriftleg samtykkje frå festaren, for bruk av gravstaden. Kan slikt samtykkje ikkje
innhentast, avgjer Kyrkjeverja spørsmålet.
- Odda Kyrkjelege Fellesråd avgjer sjølv om ei grav/ein gravstad kan festast eller takast i bruk slik
at summen av fredingstid og festetid overstig 60 år.
- Ved gravlegging i festegrav må festa forlengjast med minst så mange år at ny festetid er minst
like lang som fredingstida for vedkomande grav. Den som sørgjer for gravferda skal skrive
under på ei erklæring som skal returnerast kyrkjeverja før gravlegging.
§ 4. Etter utløpet av fri perioden/festetida går gravene attende til gravplassen/kyrkjegarden og kan
nyttast på ny. Varsel skal sendast pårørande så sant mogeleg, og/eller kunngjerast så tidleg at dei som ynskjer det,
kan festa grava/søkje om forlenga feste innan den frist som er fastsett i vedtektene § 3.
|