Link to dnk
VELKOMMEN!   til nettsida til   DEN NORSKE KYRKJE
    i Odda
hjem

foto: AHE


EN MILLION ROSER

En million roser
for kjærlighet og fred.
En million roser
gir en klar beskjed:

Hatet finner intet rom
i kjærlig fellesskap.
Ondskap får den klare dom:
"Her henter du kun tap!"

En million roser
hjerter slår i takt.
En million roser
gir kjærligheten makt.

Norges folk står sammen,
sørger, hjerter blør.
Håps- og kjærlighetsflammen
brenner sterkere enn før.

En million roser
løftes som et tegn.
En million roser
for fellesskapets hegn.


Leiv Sigmund Hope,
skrevet etter rosetoget
i Oslo 27.07.2011


22.juli vil stå som ein merkedag på det grufulle som skjedde i Oslo og på Utøya. Folket i Norge har svara med å gå i rosetog. Utruleg mange menneske har samla seg rundt i landet vårt for å markera at me bryr oss om kvarandre. I Odda var det rosetog/fakkeltog frå Rådhuset til kyrkja der det var ei enkel og fin markering onsdag 25.juli. Rosene folket hadde med vart lagt ned ved hesten og ved kyrkja. Me tente ljos inne i kyrkja og minnast alle som var råka av tragediane.

Medkjensle og tankar går til alle dei som på ein tragisk måte miste ein av sine. Det er også andre som denne sommaren har mist ein av sine og som kjenner på tung sorg. Kvardagen innhentar mange etter kvart som tida går, men dei som opplever sorg har fått kvardagen endra og treng lang tid til å arbeida seg gjennom sorga.

Dei som er i sorg treng til tider personar rundt seg som er der til støtte og visar omsorg. Eit godt nettverk av slekt og vener er ei god støtte i ein slik situasjon.

I nokre tilfeller er det trong for profesjonell hjelp. I kyrkja kan du kontakta prest eller diakon. I kommunen finn du helsetenester som og kan visa deg vidare til meir ekspertise dersom det er trong for det.


Linkar ein kan anbefala er:


www.nettkirken.no
www.diakonissehjemmet.no
www.odda.kommune.no

foto: AHE 


Webside Problem?