| |
|
Dåpen er innstifta av Jesus sjølv (Matteus 28.18-20) og gjer oss til Jesu
læresveinar, og til medlemer i Den Norske Kyrkja. Både barn, ungdom og vaksne kan bli døypt. Registreringa av namnevalet for barnet
gjer ein på Folkeregisteret, og det er lurt å gjere dette først. Kontakten med Kyrkjekontoret i Odda gjeld for dåp i alle kyrkjene,
Odda, Tyssedal, Røldal og Skare. Når avtale er gjort her angåande dato for dåpen, vil presten ta kontakt ei til to veker på
førehand for å avtale ein dåpssamtale, tid og stad for denne. I god tid før den skal dåpsforeldra sende inn skjema for
dåpsregistreringa i utfylt stand. Det fylgjer ein grei orientering med desse skjema, som t.d. at fadrane må vere kyrkjelege konfirmantar,
fylt 15 år, og medlem av Den Norske kyrkja eller eit anna kristent kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåpen. Talet på fadrar er frå
to til seks (utanom foreldra). Fadderoppgåva er å fylgje opp barnet i den kristne trua, og å be for barnet. Ha dette i tankane når de
vel fadrar. Det er og lurt å velje fadrar i ulike aldrar, og tenke på om dei vil ha høve til å vere i lag med barnet i åra som kjem.
Kyrkjelyden har og ein del av fadderoppgåva, m.a. ein del barne og ungdomsarbeid som det er viktig å la barnet få del i, og visse arrangement
som barnet blir invitert til (t.d. 4-årsboka). I kyrkjene er det og regelmessige familiegudstenester som blir kunngjort i gudstenestelista i avisen. |
 |
|
|
|