| |
|
Januar 2012.
Søndagstanker
Me er blitt vane med endringar. Det skjer så ofte i mange samanhengar i samfunnet vårt, og det går så fort. Pengar styrer nok mykje.
Ting endrar seg både fordi vi har mykje pengar og fordi vi av og til har for lite pengar. Og så er det nokon som lever av å og koma på og utvikla nye idear.
Kyrkja er eit gammalt hus, syng me. Men også i kyrkja opplever me endringar. Me er i dataverda, og me fekk nettopp eit nytt system på datamaskinane våre.
Det skal gjera ting enklare og betre. Ei enno viktigare og god endring hjå oss i Odda var det då me fekk diakon.
Me treng ressursar til mange oppgåver i kyrkja vår, og difor vart det ei heilt anna enn god endring for oss då den eine prestestillinga vart flytta til Bergen.
No står me framfor ei anna stor endring i kyrkja, ei endring som me håpar at mange skal merka og som me ynskjer skal bli ei god endring.
Det er gudstenesteordningane våre som skal fornyast. Nå har me eit lite år på oss til å høyra og prøva nye ting fram til 1. søndag i advent.
Då skal det nye verta innført. Gudstenesta skal ikkje verta totalt omsnudd og annleis, men me vil merka at noko vert nytt.
Eg hugsar eit møte med to menn som nok var interesserte i kyrkja, men som aldrig gjekk der. Den eine sa at det var fordi det alltid var noko nytt der.
Han kjende seg ikkje att. Den andre sa det motsette: Det er no det same gamle. Begge hadde sjølvsagt rett. Me har med oss det gamle heilt frå kyrkja vart,
og me har fornya oss etter som tidene har skifta. Nye songar vert skrivne og nye tonar laga. Bøner får gjenklang av det som skjer rundt oss,
og nye generasjonar og folk kjem til.
Eg skulle ynskja at mange fleire kom til kyrkja, ikkje bare fordi eg er prest og synest det er kjekkare når vi mange. Det er fyrst og fremst fordi eg kjenner
det så godt og meiningsfylt å vera der saman med alle. Eg får leggja vekk strev og stress og eg får leggja av ting som tyngjer. Eg får opna opp for Guds tankar,
tilgjeving og velsigning. Eg får gle meg og gå vidare i Guds fred.
Me er i det me kallar openberringstid. I det ligg det at noko skal verta ope og klart for oss. Forteljinga på søndag er om Jesus som gav synet att til
ein mann som hadde vore blind heile sitt liv. Han viste at han Guds son. Så skal me òg få sjå at Jesus var meir enn veslebarnet der i stallen eller at
han var eit godt menneske for dei som var saman med han den gongen. Me skal få sjå at han betyr noko for oss, at han gjer noko for oss, at han gjer noko med oss.
Vel møtt i kyrkja!
Lars Bernhardt Ølberg.
|
|
|
|